Sjå, eg kjem snart!

Landsomfattande vekkingar på 1800-talet gav Norge ein ny type hus, bedehusa. Frå Lindesnes til Vardø blei forsamlingshus bygt på dugnad i bygd og by. Lenge var bedehuset eit viktig samlingspunkt, med vekkingsmøte, 17. mai-festar og juletrefestar. I dag er mange av bedehusa selt. Nokre er omgjort til lokalmuseum, andre er blitt bustader eller skatehall.

Sommaren 2017 flytta fotograf Erlend Berge inn i ein bubil for å fotografere norske bedehus i alle landets fylker. Ingen har dokumentert desse husa i så stort omfang tidlegare. I utstillinga Sjå, eg kjem snart! blir den særnorske bedehusestetikken skildra gjennom vakker fargepalett og stilsikkert uttrykk. Historia blir fortalt gjennom fotografi av mennesketome rom, men bedehusturneen ville ikkje vore mogleg utan bedehusfolket. I samarbeid med Perspektivet Museum blir for første gong også nokre av dei som opna dørene, presenterte.

Fotograf Erlend Berge vaks opp med søndagsskole og basarar på Heia bedehus i Ryfylke. Han er utdanna journalist og har dei siste åra vore tilsett i Vårt Land som fotojournalist. Utstillinga Sjå, eg kjem snart! bygger på Berges fotobok med same tittel, og prosjektet Bedehusland (www.bedehusland.no). Arbeidet er støtta av Fritt Ord, Norsk Kulturråd, Karina Jensens minnefond og Vårt Land.

Utstillinga opnar søndag 1. desember med Erlend Berge på plass i Tromsø. Utstillinga Sjå, eg kjem snart! markerer at Perspektivet Museum går inn i det siste året med hovudutstillinga Homo Religiosus. 

Relatert utstilling om religion