Gatelangs med fotograf Knut Stokmo


Som svært ung mann gjekk Tromsøfotograf Knut Stokmo rundt i sin eigen by og leita etter spennande motiv. Med stødig sans for komposisjon tok han interessante og ofte vakre bilete av kvardag og høgtid i eit mangfaldig gatemiljø.

I utstillinga får me sjå Stokmo sitt personlege blikk på vår nære byhistorie. Omvisinga passar for alle aldrar, og gir rom for både mimring, overrasking og oppdaging i ein by som mange kjenner godt men som samtidig har gjennomgått store endringar på 50 år.

BESTILL OMVISNING