Strålande Betzy-dag i Folkeparken

Når vi har eit friluftsmuseum ved sjøen som fokuserer på kystkultur, og vi har ein gløymd kunstnar som likte å sitte ute i vær og vind og måle kyst, så er ingenting meir naturleg enn å invitere byen på varme fiskekaker ein søndag, for å feire og lære meir om den interessante marinemålaren Betzy Akersloot-Berg (1850-1922).

Ho har prega Tromsø by denne sommaren på mange måtar, og no også Perspektivet Museum. I samarbeid med WOW – Walls of Women Tromsø opna museet denne søndagen eit veggmåleri som hyllar Betzy Berg, på ein naustvegg i Folkeparken. Både store, små og firbeinte møtte opp, og det blei ein flott avslutning på WOW-prosjektet med talar, foredrag og nydeleg musikk.

No skal veggmåleriet få glede både turgåarar og museumsbesøkande i mange år framover. Vi vil få rette ein stor takk til WOW for godt samarbeid!

Bilder fra prosjektet

 


Publisert:

av: