Siste søndag med båtbygging og leik i Folkeparken

Mari Hildung

Søndag 27. august held me ope i Folkeparken for siste gong denne sesongen. Då er det siste sjanse for små og større born til å bygge og sjøsette sin eigen plankebåt, teste balansen på styltar, eller vandre mellom historiske bygningar på vår kultursti (og vinne premie!). Dette er óg siste anledning til å besøke Kvitnesgården og Stornaustet, med utstillingar frå nordnorsk kystmiljø. Det er omvising i utstillingane kl 12 (på engelsk) og 14 (på norsk).

Sjølv om det byrjar å bli litt kjølig ute, er det varmt og godt i vår koselege stabburskafe. Der sel vi både kaffi og kakao med krem, og denne søndagen er det HALV PRIS på all iskrem!

Velkommen til leik og hygge i Folkeparken!