Publikumsauke i februar!

Med ei ny utstilling med samisk tematikk, samt fleire arrangement knytt til samisk veke i Tromsø, har museet opplevd stor interesse frå publikum i månaden som har gått. Me er svært nøgde med å kunne notere ei 50% auke i besøkstal samanlikna med fjoråret!

Særleg postkortutstillinga Áiccai Sámi har synt seg å vera ein suksess både blant lokale og byens vinterturistar. Kanskje turisten møter seg sjølv i døra blant hundre år gamle postkort frå det eksotiske nord? Møtet mellom lokal kultur og turistindustri har arta seg svært mangfaldig gjennom tidene, noko som blir framheva i utstillinga. Sikkert er det at samisk kultur, og postkorta sine ulike framstillingar av denne, fenger dagens turist. Det er sameleis flott å merke at lokale byguidar legg turen innom museet med gruppene sine, for å diskutere alt frå samisk politikk til kolorering av postkort.

Årets samiske veke var også ei heidundrande oppleving, men fulle hus på konsertar og debattar arrangerte midt i utstillinga. Me gleda oss over eit svært opplyst og interessert lokalt publikum som diskuterte samiske buplassar i Tromsøområdet, drakttradisjonar frå ulike distrikt og kjentsfolk blant postkortmodellane.

Me er glade for at gode besøkstalet reflekterer vår oppfatning av ei utstilling som har synt seg å vere relevant for mange, og har inspirert til gode samtalar og diskusjonar. Utstillinga blir ståande til 24. april.


Publisert:

av: