Offisiell opning av Betzy Akersloot-Bergs naustvegg

WOW Tromsø opnar endeleg sitt andre veggmåleri, på Stornaustet i Folkeparken i samarbeid med Perspektivet Museum. Bli med på feiringa!

Betzy Akersloot-Berg, altså! Vi i WOW er så glade for at nettopp ho er neste kvinne ut i serien av måleri som skal heidre og løfte fram bra damer i Tromsø. Ein marinemålar som reiste vidt og breitt, og passande nok no har blitt hylla på ein naustvegg i ein landsdel som ho hadde tette band til.

Vi gleder oss til å gjere stas på både dama og veggmåleriet! Til opninga har vi fått med oss eit stjernelag: kurator av utstillinga Like Betzy, Charis Gullickson ved Nordnorsk Kunstmuseum, kjem for å snakke om kvinna og kunsten; WOW-general Liv Ragnhild Kjellman fortel om prosjektet; direktør ved Perspektivet Museum Marianne A. Olsen vil foreta den offisielle åpninga, og også årets kunstnar Elind Rui Blix kjem for å sei litt om ulike nyanser av rosa.

Om ikkje det var nok, så vil formidable Miss Nöyd spele for oss, og det vil vanke marine forfriskningar.

Velkommen til opning, med eller utan sydvest!

Ein stor takk rettast til alle som har bidrege til årets verk med god hjelp, velvilje, tid og krefter eller økonomisk støtte: Perspektivet Museum, Nordnorsk Kunstmuseum, Tromsø kommune, Skiltmaler Gundersen, Elind Rui Blix, Siri W. Jachlin, Sara Lund, André Enger Aas, Hedvig Ølmheim og Liv Ragnhild Kjellman. Det hadde ikkje gått utan dykk!