Forflytning og refleksjon


– ei programrekke i samband med Reformasjonsjubileet 2017

 

Perifere pilegrimsreiser?

19. mars kl. 19.00

I 1500 reiste ein familie frå Trondenes og Andenes – frå sjølve nordgrensa i den kristne verda – på pilegrimsreise til Roma. Kven var dei, kvifor reiste dei – og ikkje minst, korleis reiste dei? Kor langt var det frå Nord-Noreg til Roma i 1500? Pilegrimsreiser i mellomalderen kunne ha mange slags årsaker og føremål, og dei batt saman ei verd av mange periferiar og mange sentrum. Korleis vart denne verda endra med reformasjonen? Dette fortel historikar Sigrun Høgetveit Berg om i utstillinga Homo Religiosus. I etterkant vert det uformell samtale med Frode Wigum (kapellan i Elverhøy kyrkje) og publikum.

 

Pilegrimsreisa i samtida – eit møte mellom ein vandrar og ein springar

4. april kl. 19.00

Ragnhild Nessa og Alf B. Dahl har begge lagt bak seg pilegrimsruta El Camino, som strekk seg 802 kilometer tvers gjennom Spania. For Nessa var pilegrimsreisa religiøst motivert, medan Dahl i større grad har hatt fokus på å mestra distansen fysisk ved å gjennomføra han som 19 maratonløp på 19 dagar. Me inviterar til samtale om korleis føremålet påverkar sjølve gjennomføringa av pilegrimsreisa, og kva utbyte ein får mentalt ut frå intensjonen ein har med reisa.

 

Å skriva vandringsmotiv

2. november kl. 18.30

Stein Versto og Ragnar Hovland er to anerkjende samtidsforfattarar som på ulikt vis er innom vandringsmotivet eller pilegrimsvandring i sine forfattarskap. Dei står begge bak tekstane til Odd Nordstoga si plateutgiving Pilegrim; der Versto sine tekstar er nyskrivne medan Hovland hentar sine frå kapittelet Dr. Munks andre reviderte songbok, i boka Åleine i Alpane frå 1999. Me inviterar til samtale om vandremotivet i forfattarskapane generelt og med tanke på pilegrimsvandringa spesielt. Arrangementet er eit samarbeid med og ein del av Norsk Forfattersentrum si programrekke Litteraten og Tromsø Internasjonale Kirkefestival.

 

Programrekka er eit samarbeid med Tromsø Kirkeakademi.