Forfattarmøte om pilegrimsferd

Stein Versto og Ragnar Hovland er to forfattarar med kvar sin særeigne plass i norsk samtidslitteratur. Versto har utforska det mytiske både i diktsamlingar og i romanen Nidaros, som blant anna tek for seg forflytning i form av hukommelse, erfaring og relasjonar. I Hovland sin forfattarskap kjem lesaren til ein mytisk versjon av Vestlandet, ofte befolka av meir eller mindre målbevisst reisande karakterar.

Desse forfattarane har til felles at dei begge leverte tekstar til Odd Nordstoga sitt kritikarroste bestillingsverk Pilegrim frå 2008. Songane på Pilegrim tek oss til det fjerne austen, inn i skogen og heim til ekskjærasten; dei går på ukjende vegar og inn i kyrkje, synagoge og moské.

Torsdag 2. november møtte Hovland og Versto museets Aslaug Eidsvik til samtale om vandringsmotivet i litteraturen og prosjektet med Odd Nordstoga. Dei frammøtte fekk ein smak av kva rolle dette eldgamle temaet framleis har i litteraturen, og korleis det vert nytta av våre inviterte forfattarar på svært ulikt vis. Det var eit lydhøyrt publikum som vart opplyst og underheldt, gjennom opplesing og samtale.

Forfattarmøtet var det tredje og siste i rekka av arrangement på Perspektivet Museum, i samband med Reformasjonsjubileet 2017. Først ute var historikar Sigrun Høgetveit Berg, som baud på innsikt i middelalderen si pilegrimsferd i samtale med kapellan Frode Wigum frå Elverhøy kyrkje. På neste arrangement fekk publikum høyre om dagens pilegrimsferd, fortald av Ragnhild Nessa og Alf B. Dahl som begge har gjennomført den same pilegrimsruta, men med ulike føremål og resultat.

Alle arrangementa fann stad i utstillinga Homo Religiosus, som med sine kunstverk av Lawrence Malstaff baud på ein stemningsfull omgivnad for det som vart svært varierte måtar å snakke om vandring og religion på.

Takk til alle gjester og publikummarar for givande kveldar på museet!


Publisert:

av: