Eit WOW-veggmåleri dedikert Akersloot-Berg

I sommer kan du sjå eit WOW-veggmåleri bli til i Perspektivet Museums Folkeparken. Kvinna som hyllast er Betzy Akersloot-Berg (1850-1922), ein fantastisk marinemaler og ei badass kvinne. Ho henta motiv frå mange plasser, også Nord-Norge, av hav og kyst. Difor passar det meget bra å dedikere ein naustvegg til Betzy i Tromsø.

To søndagar på rad (23. og 30.6) kan WOWs kunstnargruppe observerast mens dei utfører verket, midt i eit smørauge av vakker natur og kulturhistoriske bygningar. Vi oppfordrer alle til å legge søndagsturen til Folkeparken!

Meir nysgjerrig på Betzy Akersloot-Berg? Få med deg Nordnorsk Kunstmuseum si fantastiske ferske utstilling Like Betzy!

Sjå bilde frå prosjektet.

 


Publisert:

av: