Sommer i Folkeparken 2019

ingunn

Nå opner Folkeparken for sommeren!
Kvar søndag frå 12-16 blir det aktiviteter, kafé og utstillinger i Perspektivet Museums friluftsanlegg. Her er det noko for heile familien! Kvar søndag er det ein kreativ verkstad. I løpet av sommaren kan du snekre din eigen plankebåt, lage biehotell og lage fotocollage med kunstner André Enger Aas. I vår stabburskafé har vi både iskrem, snacks og kaffe, og utanfor kan store og små gå på stylter, vere med på gjetteleik og prøve ulike spel, også med milliongevinst!

Velkommen på gratis omvising i utstillingane våre!
In Cod We Trust i Stornaustet byr på fiskeri- og båthistorie, og store fembøringer. Kvitnesgården er eit spennande hus som er flytta til Tromsø, og kan fortelle om sin historie som handelsplass på Vannøya. Her er også utstillingane Klunkestua og De kjære vesener.

I år får vi også besøk av Betzy Akersloot-Berg (1850-1922) i Folkeparken! Betzy Berg var ein marinemaler som vi syns passar godt inn hos oss, og i løpet av sommaren skal hennas verk gjenskapast i eit veggmåleri på naustveggen i Folkeparken. 23. og 30. juni kan Walls of Women (WOW) si kunstnargruppe observerast mens dei utfører verket, midt i eit smørauge av vakker natur og kulturhistoriske bygningar. Kanskje dukkar det også opp fleire overraskingar som handlar om Betzy etter kvart…

Sjå også Nordnorsk Kunstmuseum si nye utstilling om Betzy Akersloot-Berg for å lære meir om ein spennande kunstnar.

Folkeparken er open søndagar 23.juni til 25. august, frå 12-16.
Omvisning i utstillingane foregår kl 12 (engelsk) og kl 15 (norsk).

I år har vil det også vere mulig å avtale omvising i friluftsanlegga Folkeparken og Straumen Gård, visse vekedagar i løpet av sommaren. For informasjon om dette og detaljert aktivitetsprogram, følg med på www.perspektivet.no