Sommer i Folkeparken

Første søndag i Folkeparken er litt utanom det vanlige!
I år får vi besøk av Betzy Akersloot-Berg (1850-1922). Betzy Berg var ein marinemålar som henta motiv frå Nord-Norge, og vi syns ho passar veldig godt inn hos oss. Denne søndagen byrjar kunstnarar arbeidet med å gjenskape eit av hennar verk, i eit veggmåleri på naustveggen i Folkeparken. Det blir mogeleg å følgje prosessen og lære meir om Betzy på fleire søndagar framover, og kanskje dukkar det opp fleire Betzy Berg-overraskingar utover sommaren.

Heile familien kan bygge og sjøsette sin eigen plankebåt denne søndagen. Båtbyggingkassen står framme heile dagen!

I vår stabburskafé har vi både iskrem, snacks og kaffe, og utanfor kan store og små gå på stylter, vere med på gjetteleik og prøve ulike spel, også med milliongevinst!

Velkommen til gratis omvisning i våre utstillinger:
In Cod We Trust i Stornaustet byr på fiskeri- og båthistorie, og store fembøringer. Kvitnesgården er eit spennande hus som er flytta til Tromsø, og kan fortelle om sin historie som handelsplass på Vannøya. Her er også utstillingane Klunkestua og De kjære vesener.

Omvisning i utstillingane foregår kl 12 (engelsk) og kl 15 (norsk)
Folkeparken er open søndagar 23.juni til 25. august, frå 12-16.