Foredrag med Erlend Berge

Vi ønskjer Erlend Berge velkommen tilbake til museet! Lørdag 29.februar kl.14. inviterer vi til foredrag der han fortel om reisa gjennom Bedehusland.

Sommaren 2017 flytta fotograf Erlend Berge inn i en bubil for å reise landet rundt og fotografere den særeigne norske bedehusestetikken. Han møter eit overraskande variert bedehusland med lokale skilnader og ein bedehuskultur i sterk endring. Gjennom fotografia ønskjer han «å invitera inn til basar og juletrefest før pastellfargane er overrulla av eggefarga kvitt og flanelsjesusen dett ned for siste gong.»

Husbesøka ville ikkje vore mogleg utan bedehusfolket. Desse får vi også møte når Perspektivet Museum viser utstillinga Sjå, eg kjem snart!

Erlend Berge vaks sjølv opp med sundagsskule og basarar på Heia bedehus i Ryfylke. Han er utdanna journalist og har dei siste åra vore tilsett i Vårt Land som fotojournalist.

Utstillinga Sjå, eg kjem snart! markerer at Perspektivet Museum går inn i det siste året med hovudutstillinga Homo Religiosus

 Velkomen!

Minner også om konserten Bedehus & Hawaii med Trond Kallevåg Hansen søndag 1.mars kl.18.00