Å skriva vandringsmotiv

Stein Versto og Ragnar Hovland er to anerkjende samtidsforfattarar som på ulikt vis er innom vandringsmotivet eller pilegrimsvandring i sine forfattarskap. Dei står begge bak tekstane til Odd Nordstoga si plateutgiving Pilegrim; der Versto sine tekstar er nyskrivne medan Hovland hentar sine frå kapittelet Dr. Munks andre reviderte songbok, i boka Åleine i Alpane frå 1999. Me inviterar til samtale om vandremotivet i forfattarskapane generelt og med tanke på pilegrimsvandringa spesielt.

Arrangementet er eit samarbeid med og ein del av Norsk Forfattersentrum si programrekke Litteraten og Tromsø Internasjonale Kirkefestival.

Foto: Samlaget